Tenester

Hjem/Tenester

Rinde-lastebil

Våre tenester

Graving

Rinde Anlegg AS utfører graveoppdrag av alle typar, for både privatpersonar, bedrifter og offentlege aktørar. Vår maskinpark er allsidig og eigna til dei fleste typar gravejobbar; ta kontakt for ein prat om ditt prosjekt.

Massetransport

Dersom du treng sand, jord, grus, singel, pukk eller andre fyllmassar til ditt anleggsprosjekt, snakk med Rinde Anlegg AS. Vi leverer massar til alle typar prosjekt, og garanterer påliteleg og rask leveranse.

Betongarbeid

Rinde Anlegg AS har kompetanse og erfaring til ulike typar betongarbeid. Vi tek større og mindre betongoppdrag over heile Sogn, og er nøyaktige og detaljorienterte i vårt arbeid.

Natursteinsmuring

Har du lyst på ein flott mur som krev lite vedlikehald? Vel ein mur i naturstein levert av Rinde Anlegg AS. Vi har erfaringa, utstyret og kompetansen som trengs for å levere din nye natursteinsmur.

Golvstøyping

Rinde Anlegg AS tek på seg alle typer oppdrag knytt til golvstøyping. Vi har lang erfaring innen betongfaget og utfører enkelt flytesparkling av ditt areal. Ta kontakt med oss for uforpliktande befaring.

Vatn / kloakk

Treng du utført legging av vatn- eller kloakkrør, tek Rinde Anlegg AS jobben. Vi utfører alt det nødvendige oppkoblingsarbeidet mot ditt bygg – Ta kontakt for samtale om ditt vatn- og avløpsprosjekt.

Kranarbeid

Vi stiller med kranbil til ulike typar kranoppdrag. Med lang erfaring og fokus på tryggleik kan kranoppdraget trygt overlatast til Rinde Anlegg AS.

VA-anlegg

Rinde Anlegg står for korrekt og effektiv innstallasjon av VA-anlegg. Vi utfører VA-anleggsarbeid av alle størrelsar, og kan vise til gode referansar. Kontakt oss for ein prat om oppdraget, og få ein pris på jobben.

Ynskjer du uforpliktande befaring?

Kontakt oss